Vedtekter for ImF Straume
Sist endra på årsmøte for ImF Straume 13.mars 2022
§1 Grunnlag
ImF Straume byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk-lutherske vedkjenning. På dette grunnlaget driv foreininga alt arbeidet sitt.
§2 Føremål
ImF Straume har til føremål å fremja Guds rike og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid. For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.
§3 Status
a. ImF Straume består av dei medlemar som melder seg inn, og som er einige i §§ 1 og 2, vedkjenner seg kristen tru og betaler den årskontingenten som foreininga sitt årsmøte vedtek.
b. ImF Straume er tilslutta ImF Midthordland og dermed også Indremisjonsforbundet, og vert omfatta av dei lover og vedtekter som gjeld i organisasjonen.
§4 Årsmøtet
a. Årsmøtet er ImF Straume sitt høgaste organ, og vert halde kvart år innan utgangen av mars. Alle som er medlemar ved årsskiftet og er fylt 15 år, har røysterett i årsmøtet. Styret for ImF Midthordland kan sende ein utsending til årsmøtet. Denne har talerett, men ikkje røysterett.
b. Årsmøtet handsamar: – Styret si årsmelding. – Reviderte årsrekneskapar. – Lovendringar. – Andre saker som styret eller medlemane legg fram (jfr.pkt.e).
c. Årsmøtet vel: – Leiar, styremedlemar og varamedlemar til styret. – Hyrderåd. – Valkomité. – Revisor.
d. Årsmøtet gjer vedtaka sine med vanleg fleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.
e. Vil nokon ha ei sak fram for årsmøtet, må denne vera sendt til styret seinast tre månader før årsmøtet skal haldast. Berre styret og foreininga sine medlemar kan fremje forslag til lovendringar. Årsmøtesaker må gjerast kjent for medlemane ein månad før årsmøtet vert halde.
f. Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når minst 2/3 av styremedlemene eller 1/3 av foreiningsmedlemane ber om det.
g. Protokoll frå årsmøtet vert sendt til krinsstyret i ImF Midthordland.
§5 Styret
a. ImF Straume vert leia av eit styre som er høgste mynde mellom årsmøta.
b. Styret består av sju medlemar. Leiar blir vald av årsmøtet for eitt år. Dei andre medlemane blir valde for to år om gangen, slik at det kvart år går ut tre. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret lengre enn åtte år i samanheng. Styret har tre varamedlemar som vert valde for eitt år. Styret vel sjølv kor mange varamedlemar som møter fast. Styret er vedtaksført når minst fire medlemar er til stades. Styre vel seg imellom nestleiar.
c. Forsamlingsleiaren møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett.
d. Styret held møte når leiaren kallar inn til det eller eit fleirtal av styremedlemane krev det.
§6 Styret sine oppgåver
a. Styret skal:
• Ha det overordna ansvaret for alt arbeidet i foreininga.
• Setje i verk og føre kontroll med årsmøtet sine vedtak og avgjerder.
• Forvalta og føra kontroll med ImF Straume sin økonomi. Større økonomiske saker må handsamast av foreininga sitt årsmøte.
• Sjå til at arbeidet vert drive i samsvar med ImF Straume sine lover.
b. Styret bind foreininga rettsleg ved leiaren og eitt styremedlem.
c. Styret kallar og tilset dei arbeidarane foreininga treng i samråd med ImF Midthordland. Arbeidarane blir formelt tilsett og løna av krinsen i fylgje gjeldande løns – og arbeidsvilkår.
d. Styret kallar inn til årsmøte og legg til rette alle saker som skal handsamast av dette.
e. Vere generalforsamling for underliggjande aksjeselskap.
§7 Hyrderåd
a. Hyrderådet består av tre-fem menn som har tillit i foreininga. Hyrderådet har til hovudoppgåve å vise åndeleg hyrdeomsorg for medlemene. Det skal ta i vare eit særskild hyrde- og læreansvar ved å sjå til at forkynninga og forsamlings-/foreiningslivet er i samsvar med Guds ord og Den evangelisk-lutherske vedkjenning. Ved avvik eller lærestrid har Hyrderådet ansvar for rettleiing og formaning.
b. Medlemar som tek til å leve i strid med Guds ord skal handsamast etter Matt.18,15-18. Medlemar som ikkje lever i samsvar med §3, 1.ledd i denne lov, kanutelukkast frå foreininga. Hyrderådet innstiller i slike saker til styret som avgjer saka.
c. Oppgåver i rådet vert fordelte etter utrustning og nådegåver. Rådet innstiller til styret ved kall av tilsette.
d. Årsmøtet vel hyrderåd etter innstilling frå styret.
§8 Forsamlingsråd
a. Forsamlingsrådet er samansett av styret og Hyrderådet i ImF Straume.
b. Forsamlingsrådet skal utveksle gjensidig informasjon mellom Styret og Hyrderådet og drøfte aktuelle saker som angår arbeidet i ImF Straume
c. Forsamlingsrådet møtes minst ein gong pr. semester.
§9 Oppløysing
a. Skulle ImF Straume bli nedlagt eller oppløyst, og arbeidet blir ført vidare på anna måte, går foreininga sine midlar og eigedomar over til ImF Midthordland.
b. Samanslutning (fusjon) eller deling (fisjon) vert ikkje rekna som oppløysing. Vedtak om samanslutning/deling og nødvendige lovendringar i samband med dette vert gjorde i samsvar med reglane om lovendringar (jfr § 10). Styret skal i denne samanheng leggje fram ein plan for samanslutninga/delinga som årsmøtet kan røyste over. Ved samanslutning eller deling må det hentast inn samtykke frå ImF sine kreditorar.
§10 Lovendring
Årsmøtet i ImF Straume kan endre denne lova med 2/3 fleirtal, jfr. §4 b,d og e. §1 og §2 a, første ledd, kan ikkje endrast.
